SÆRTEMA:
Lokale handverkstradisjonar
Handverksmessa i Jondal har valt lokal handverkstradisjon som særtema i 2018. Jondal har mange sterke tradisjonar og kulturrikdommar å ivareta, og Handverksmessa håpar å kunna bidra til at nokre av dei gamle tradisjonane kjem fram i ljoset.
Kristi Skintveit og Johan Hartmann Sand
stiller ut i Vikeløa.
PROGRAM:
Fredag 29. juni
-
Kristi Skintveit, kl 14:00, kåseri og omsyning. "Finessar og løyndomar i tekstile bragder". Vikeløa.
-
Olav Storesletten, kl 14.45, fortel om Storesletten båtbyggjeri og viser reiskap som av mange er gløymt i dag. Det vert skilta til klasserom bak scena.
-
Laurdag 30. juni
-
Utne Folkemuseum, ved Agnethe Sivertsen, på Viketunet i Storestova kl. 11.00-14.00. Ho vil demonstrere korleis ein lagar bunadskaut.
-
Søndag 1. juli
-
Kristi Skintveit, kl 12:00, kåseri og omsyning, "Finessar og løyndomar i tekstile bragder". Vikeløa.
-
Olav Storesletten, kl 13.30, fortel om Storesletten båtbyggjeri og viser reiskap som av mange er gløymt i dag. Det vert skilta til klasserom bak scena.