HISTORIA OM HANDVERKSMESSA

Stemningsbilete frå Handverksmessa i Jondal

Handverksmessa- for både store og små.

Handverksmessa i Jondal har blitt arrangert annakvart år sidan 1986 (i partalsår),

og hadde 30-årsjubileum i 2016.


Kvar messa samlar over 100 utstillarar frå heile Noreg. Handverksmessa ynskjer å vera ei motvekt til den kommersielle messeverda og legg stor vekt på kvalitet, tradisjon, mangfald og kunnskap. Alle produkt skal vera eigenproduserte.

Utstillarane set opp eigne telt/bodar på messeområdet i og ved Jondal skule. Strikking, treskjering, gravering, broderi, smykkelaging, glasblåsing, veving, keramikk, klesdesign, pilefletting og bunader er berre nokre av handverkstradisjonane du kan få kjennskap til under messedagane.

Kvar messe har sitt eige tema. Tema for Handverksmessa 2018 er …..

Handverksmessa vert arrangert på dugnad av 11 friviljuge organisasjonar i kommunen. Overskotet frå Handverksmessa vert delt ut til dei laga som deltek med friviljuge under messedagane, fordelt på antal dugnadstimar. Såleis held messa også liv i organisasjonslivet i kommunen.

Jondal er ein liten kommune ved Hardangerfjorden i Hordaland. Kommunen er mest kjend for Folgefonna, sommarskisentret og artisten Herborg Kråkevik, men vi kan også skilta med status som nasjonalparklandsby. Jondal byr på rike naturopplevingar både langs fjorden og til fjells.

Me ynskjer deg velkommen til handsverksmesse i vakre Jondal!