Nokre detaljar!

Parkering:

Svært mange tek turen til Jondal denne helga, og parkeringsmogelegheitene er difor relativt få. Kjem du via Tørvikbygd, oppmodar vi deg til å la bilen stå att på hi sida av fjorden, då messeområdet er i gangavstand frå ferjekaien i Jondal. Lokalbefolkning vert oppmoda til å nytta buss, sykkel, gå eller køyra saman med vener.

Dei som kjem frå Kvinnherad / Odda vert oppmoda til å nytta parkeringsareal ved munningen av Jondalstunnelen, og samabeide om skyss att og fram. Parkering vert skilta.

Dei som deltar som utstillar har eit eige begrensa område ved fotballbanen. Men om det kjem mange bubilar er dette arealet for lite. For bubilar ber vi dykk ta kontakt med Jondal Båthamn. Vi lagar også til eit område bak Jondal Precision Industries og informerar meir etterkvart.

Framkomst:

Frå Odda via Folgefonntunnelen og Jondalstunnelen, køyretid ca. 35 minutt frå Odda til Jondal. Frå Utne via fv. 550, køyretid frå Utne til Jondal ca 45 minutt. Køyretid frå Bergen (via Norheimsund)er i underkant av to timar,inkl. 20 minutt ferje Tørvikbygd- Jondal.

Mat:

I år kan du kjøpa mat fleire plassar i heile Jondal sentrum! Messa seljer solid norsk tradisjonsmat som lapskaus og rjomagraut på Jonsvoll (ungdomshuset).Der vil vi laga ein utendørs restaurant og søkje om skjenkeløyve.  4H tilbyr skogskafè med bålkaffi, vafler og hamburger på plenen utenfor Juklafjord.. Du kan betale med Vipps på alle våre matstasjoner! 

Kåring:

Husflidkonsulenten i Hordaland kjem til Jondal for å kåra beste utstillar-stand.

Dette skjer på fredagen.

Dette er status pr 4. mars 2020. :-)

MESSEOVERSIKT

Handverksmessa Jondal - Oversikt

1. Inngang til messeområde og messekontor

2. Uteområde / Messescene

3. Vikeløa

4. Utescena

5. Inngang, vestibyle/klasserom 6. Gymsal

7. Paviljongen

8. Middagssal

9. Barneaktivitetar

10. Toalett

11. Handikaptoalett

12. Salsboder

13. Barneaktivitetar

14. Parkering for utstillarar

15. Ferjekai

16. Kyrkja

17. Jondal hotel

18. Matvarebutikk / Minibank

KONTAKT OSS:

Epost: handverksmessa@gmail.com

Postadresse:

Handverksmessa i Jondal,

Boks 28, 5627 Jondal

Facebookside: Handverksmessa i Jondal

Kontortid er fredag etter arbeidstid og i helgen..

TURISTINFO

 

Oversikt overnatting  mm:

 

www.visitjondal.no                 

Tlf 53 66 85 31

v/Folgefonna Ecotourism as

5627 Jondal

Norway

© 2018 by Petit Maria Proudly created with Wix.com